

Perlesaum
Tuva Tunika (XXS-4XL) – Ida Victoria
Tuva Tunika (XXS-4XL) – Ida Victoria
190,00 kr
TUVA TUNIKA er ein lang genser/genserkjole – eit enkelt, allsidig og behageleg plagg, med fleire ulike variasjonsmoglegheiter. I halsen kan du velje mellom: Rund hals, V-hals og høg hals. Du kan og velje mellom lange ermer eller 3/4 lange ermer, og du har fleire val for ulik lengde eller splitt i sidene. Du kan sy tunikaen i tre ulike lengder (full lengde ca 85, 97 og 109 cm). Du kan og kombinere fleire lengder, og bruke forskjellige lengder framme og bak. Den kan syast med eller uten lommar.
Tunikaen kan syast i mange ulike jerseykvaliteter, som bomullsjersey, french terry, strikket ull, viskosejersey, ribbestrikk eller annen “genserstrikk”. Tunikaen har en laus passform, og fallet i den kjem an på stoffvalet.
- Stofforbruk XXS- XL: 150 – 175 cm (+ 25-30 cm for hals)
- Stofforbruk 2XL- 4XL: 180 – 240 cm
Det lågaste talet under stofforbruk er for kort modell, og det lengste er for lang modell. Begge mål har berekna lange ermer.
Stofforbruket er målt med utgangspunkt i 150 cm bredt stoff, og er runda opp til nærmaste hele 5 cm. Opp til størrelse XL kan overdelane klippast ved sida av kvarandre i bredden, mens dei større størrelsene må klippast over kvarandre på stoffet. I dei minste størrelsane klippast ermene over overdelane, mens dei største størrelsene klippast ved sida av overdelane.