

Perlesaum
Hilda Hoodie, lang & kort genser (XS-4XL) – Ida Victoria
Hilda Hoodie, lang & kort genser (XS-4XL) – Ida Victoria
190,00 kr
HILDA HOODIE er ein tøff genser med romsleg passform, og fleire variasjonsmoglegheiter. Du kan sy genseren lang eller kort, med eller utan lomme, med hette, høg hals, eller berre med ein ribbekant i halsen. Gensermodellen er lik som “Kiddie Hoodie” – eit anna mønster frå Ida Victoria, som finnast i barnestørrelse 92-170.
Denne genseren kan syast i vanleg bomullsjersey, ribbestrikk, isoli, punto eller andre strikka stoffer. Det må vera god stretch i ribbekantane du bruker, men hovudstoffet treng ikkje å ha mykje stretch.
Stofforbruk: XS – L / XL-3XL / 4XL
- Kort modell: 120 cm / 125 cm / 130 cm
- Lang modell: 145 cm / 150 cm / 170 cm*
- + hette: 45 cm
I tillegg til oppgitt stofforbruk kjem ribbekanter. Stofforbruket er målt med utgangspunkt i 150 cm bredt stoff, og er runda opp.
*Det store hoppet i stofforbruk er på grunn av at den lengste modellen i 4XL. Dei kan ikkje klippast ved sida av kvarandre på 150 cm bredt stoff, men må klippast ut over kvarandre på stoffet. Erma skal klippast ut over kvarandre, ved sida av overdelane.