Om oss

Då me blei småbarnsmødre omtrent samtidig, byrja me å sy klede til våre eigne barn i permisjonstida. At me også er svigerinner gjorde at vegane våre kryssa titt og ofte, og då byrja me å hauste erfaringar av kvarandre. 

Ein sein kveld i mars 2021 blei Perlesaum født. Via snapchat! Iselin hadde då sydd fleire plagg enn barna hennar trong, og kom på ideen om å selgja desse til andre.

Då tok det fyr i ideen om å skapa noko saman. Me hadde på dette tidspunktet skaffa oss både overlock -og coverstitch-maskinar og kjende på ei stor felles glede i å skapa. 

Det var viktig for oss å finne eit namn til butikken som både var lokal og nynorsk forankra. Me landa på Perlesaum då me held til på Sand som blir kalla perla i Ryfylke, og me driv med, ja saum. 

Kvalitet og bærekraft er to viktige faktorar for oss. Stoffet me sel og nyttar, skal halde lenge, tåle mange vask og forhåpentlegvis bli brukt av meir enn eitt barn.

Me syr på bestilling i størrelsane 0 – 12 år, men kan og sy til større barn om ønskjeleg. 

Å få sy og skapa er det aller kjekkaste me veit, me håpar plagga våre tek med seg den gode kjensla på reisa! Send oss gjerne ei melding på Facebook eller Instagram for å bestilla heimesydde klede.

Klem frå Iselin og Åsne