
Perlesaum
Jerseykjole med sving (XS-4XL) – Ida Victoria
Jerseykjole med sving (XS-4XL) – Ida Victoria
190,00 kr
Jerseykjole med sving har ein klassisk og enkel fasong, med ein tettsittande overdel og mykje vidde i skjørtet. Det er ein kjole som både er behageleg og elegant, og som kler dei fleste.
Det er fleire variasjonsmoglegheiter for kjolen. Den kan lagast utan ermer, med korte, lange eller 3/4 lange ermer. Du kan velje om kjolen skal vera med eller utan lommar, og du får forklaring på korleis du kan forkorte, forlenge eller justere mønsteret på andre måtar.
Måla på dei ferdige kjolane finn du i tabellen. Sidan kjolane syast i stretchstoff, bør dine mål vera litt større enn måla du ser her.
Måla i tabellen er tatt med kjolane liggjande flatt, heilt utan at dei blir strekt.
* Minstemålet under stofforbruk er utan erme, eller med korte erme. Maksforbruket er med lange ermer. Var obs på at stofforbruket krev fornuftig plassering av mønsteret på stoffet. Måla her er tatt med utgangspunkt i stoffbredde 150 cm. Om du har breiare stoff kan det halde med kortare lengde om du skal sy kjolen med erme. Stofforbruket er rundet opp til nærmeste hele 5 cm.